NM på Gjøvik

Da er NM del 1 over for i år. Heile Team Bolig, minus Ingunn var på plass.

Det heile braka laus med 10 km klassisk på torsdag. Ellen enda som nr 16, Jorunn som nr 27, Merethe som nr 32 og Solfrid blei til slutt nr 39. Dette var langt unna vår målsetting, og vi har vel alle innsett at forma ikkje er på topp hos nokon av oss for tida. Astrid U. Jacobsen vann rennet i utklassingsstil.

På fredagen var det skøytesprint. Da stod Solfrid og Jorunn på startstreken. Vi kom oss begge vidare frå prologen. Marginane er små og denne gongen hadde vi ikkje tidelane på vår side og blei slått ut i kvartfinalen. Det resulterte i ein 15.plass på Jorunn og 20.plass på Solfrid.

15 km duathlon stod på programmet på laurdagen. Jorunn stod over dette rennet, men dei andre tre var klare for nye kraftige fråspark i dei fine løypene på Gjøvik. Ellen gjekk ein godkjent klassisk del, men mista nokre meter til teten. Solfrid hang også godt med i starten medan Merethe gjekk seg opp på skøytedelen. Plasseringane blei høvesvis 19, 25 og 31 denne dagen.

På søndagen var det duka for spennande oppgjer i stafetten. Alle Team Bolig-jentene gjekk, Solfrid, Merethe og Jorunn for Høybråten og Stovner og Ellen for Kjelsås. Ellen leverte ein svært sterk 1.etappe og veksla få sekunder bak noregsmeister Ingvild F.Østberg! Kjelsås blei til slutt nr. 19.
Solfrid gjekk også 1. etappe og sendte Merethe ut som nr. 13. Merethe gjekk ein respektabel 2. etappe og sendte Jorunn ut som nr 10 på tredje-etappe. Vi tapte to plassar og enda som nr 12. Dette var langt unna det vi hadde som mål før sesongen, men når ingen av oss er i form så går det diverre ikkje fortare. Likevel hadde vi ei veldig fin langhelg på Gjøvik, med både opp og nedturar , takk til støtteapparatet som alltid er på plass!!

Nå ser vi igjen framover med mykje god skigåing på leit etter nye, gode skiopplevingar og ein stigande formkurve!


Her kan du sjå alle resultata frå meisterskapet:

http://www.ski-nm2009.no/index.php?option=com_content&view=category&layout=blog&id=28&Itemid=65