Først forbannet på arbeidstilsynet så takknemlig

Han var mildt sagt rasende da arbeidet på huset ble stanset av Arbeidstilsynet og et regionalt verneombud på grunn av manglende stillas, skriver Arbeidstilsynets eget fagblad Arbeidervern.

Men, skriver bladet, - nå takker han begge. For etter takket være stillaset som han ble pålagt å sette opp, reddet det han selv og kollegaen fra en fallulykke mens de arbeidet på taket. Dessuten går arbeidet raskere, sier mannen til Arbeidervern. Historien kan være til ettertanke for flere. - Ja, eg var ikkje særleg blid. Me låg etter skjemaet og det hasta å få tak på huset då eg vart stansa av regionalt verneombud Harry Eide, seier Ivar Pettersen, fagleg leiar i Pettersen Byggprosjektering. - Eg måtte halda telefonrøyret ein halvmeter frå øyra mitt, så sint var han, fortel inspektør Kurt Halås frå Arbeidstilsynet 8. distrikt. Halås vart tilkalla då Pettersen ikkje ville godta at verneombodet stansa arbeidet. Saman med kollega Tor Fjelldal, drog han ut på byggjeplassen og gav full støtte til verneombodet si stansing av arbeidet. Fall frå taket Då alle møttest att tre månader etter, var stemninga er ei heilt anna. - Me takkar både verneombodet og Arbeidstilsynet for at me vart stoppa. Då me hadde fått opp eit stillas, gjekk arbeidet med taket så det suste, jobben gjekk både raskare og lettare. Me slapp å klemma oss fast på taket med beina og kjende oss mykje sikrare, seier Ivar Pettersen. - Ja, kanskje me kjende oss litt for sikre, for det var då me falt frå taket, supplerer kollegaen hans, Fredrik Eilertsen: - Eg glei og tok med meg Ivar i farten, men heldigvis vart me stansa av gjerdet på toppen av stillaset, fortel han. No har dei to bygningsmennene bestemt seg for å kjøpa sitt eige stillas. Eit stillas med eigen tilhengar kostar ikkje meir enn at det er tent inn i løpet av to bygg. Redda liv - Slike historiar viser at arbeidet vårt nyttar, eg er glad for å ha vore med på å hindra det som kunne blitt ei fatal ulukke, seier Harry Eide. Som regionalt verneombod er oppgåva hans å reisa rundt på byggjeplassar i Hordaland for å sjå til at helse, miljø og tryggleik er ivareteke på ein god måte. - Alle er vinnarar i ei slik sak, er omkvedet blant dei tre partane. - Trygt arbeid er dessutan det mest effektive, seier dei i følge Arbeidervern.