Forbilde for utbyggingsprosjekt

Husbanken skal bruke Kvednhaugen i Fjell kommune i Hordaland som referanseprosjekt for både kommunar og utbyggjarar.

Kvednhaugen - tidlegare kalla Solheimfeltet - er resultatet av ein arkitektkonkurranse i samarbeid med Husbanken. Det blei Konseptbygg AS frå Bergen i samarbeid med Arkitektfirmaet ABO as på Os som gjekk av med sigeren, skriv Husbanken på sie nettsider. Til arbeidet med konkurransen gav Husbanken sitt regionkontor Bergen 200.000 kr, og overarkitekt Steinar Anda stilte i juryen. Både Anda og dåverande regiondirektør Gunnar Wisth er svært nøgde med bustadfeltet, som blei offisielt opna 17. juni: - Feltet er ikkje berre ei tomt der einebustadene er strødde utover. Feltet er heilskapleg, det har identitet, det har varierte bustadtypar for ulike husstandar og den flotte naturen er teken vare på. Derfor har bustadene oppnådd alle Husbanken sine lånetillegg og tilskott: for byggjeskikk, uteareal, terreng og vegetasjon, seier dei. Feltet er det første i Fjell der bustadsøkjande med ulike behov er samla. Det omfattar til saman 56 bustader - 22 i rekke, 14 vertikaltdelte med utleigemoglegheit i kjellaren, 9 omsorgsbustader, 8 utleigeleilegheiter og 3 einebustader. Løysingane for vegar, parkering og leikeplassar er vellykka, meiner Steinar Anda. Leikeplassane ligg fint og trafikktrygt til mellom husa. Tilpassinga til terrenget er også bra, og det er ikkje gjort store inngrep i naturen. Les meir Kjekke omsorgsbustader Dei ni omsorgsbustadene er på 59 kvm kvar, har stort bad og både bu med store skyvedører inni leilegheiten og ei ekstra bu i 1. etg. Sentralstøvsugar, alarmanlegg og fellesareal i form av ein leilegheit med stor stove og kjøkken høyrer med til fellesgoda. Steinar Anda meiner at huskroppen har eit fint bustadpreg - dei liknar ikkje på ein insitusjon. Behov for variert tilbod Bakgrunnen for konkurransen var å skape variasjon i bustadtilbodet i ein kommune i sterk vekst. Og behovet i kommunen for utleige- og omsorgsbustader var stort. Steinar Anda påpeikar at mange kommunar berre tilbyr einebustader til innbyggjarane sine. - Eit variert bumiljø er heilt nødvendig for utviklinga i ein kommune, seier Gunnar Wisth, - elles kan viktige delar av befolkninga flytte ut. Omlegging av bustadpolitikken Kommunen si nye, tverrpolitiske Bustadgruppe tok tidleg kontakt med Husbanken for å få hjelp til konkurransen. - Vi såg at konkurransen ville medføre ei nødvendig omlegging av bustadpolitikken i Fjell. Vi var kritiske til den entreprenørstyrte bustadbygginga i kommunen som gav ein del dårlege resultat, seier Anda og Wisth. - Bustadgruppa i Fjell var eit godt grep for å snu ein negativ trend. Kvednhaugen skal tene som eit eksempel for anna bustadbygging i kommunen. - Feltet skal evaluerast, og erfaringane skal nyttast ved anna utbygging, sa ordførar Ole G. Fredheim under opninga. Planlegging i forkant Det tette og gode samarbeidet med kommunen, utbyggjaren og arkitektane har altså resultert i eit bustadfelt som Husbanken skal bruke som eit førebilete for andre utbyggingsprosjekt. - Utan samhandlinga frå starten av hadde det ikkje vore mogleg å oppnå så god kvalitet, hevdar Anda og Wisth. - Klima- og stadsanalysen som blei gjennomført etter anbefalinga vår, var ein fin plattform for konkurransen. Og det at Bustadgruppa trekte inn både grendalaget og alle relevante etatar i kommunen i konkurransearbeidet, bidrog til ein rik prosess. Feltet er eit godt eksempel på planlegging i forkant, påpeikar Wisth, som no er Husbanken sin strategiske direktør for bustadbygging. - Husbanken skal satsa endå meir på kvalitet framover, og då er det viktig å delta allereie i planleggingsfasen av nye bustadfelt. Ny giv i grenda Seks vertikaltdelte bustader er under oppføring og blir ferdige i haust. Elles er alle bustadene innflytta no - mest av folk frå Fjell og nabokommunen Sund, men også nokre bergensarar har slått seg til. Det er ei lita overvekt av unge barnefamiliar i feltet. Utbygginga av Kvednhaugen har gitt ny optimisme i grenda Fjell, som har stagnert sidan kommuneadministrasjonen blei flytta derfrå i 1980-åra. - No håpar vi å få behalda barneskulen, sa Heidi Robertson under opninga.