Midlertidig utviding av permitteringsperioden

Arbeids- og administrasjonsdepartementet har følgt opp vedtaket i Stortinget om å utvide perioden for permittering med dagpengar.

Utvidinga er på 16 veker, det vil seie frå 26 til 42 veker innanfor ein 18 månaders periode. Ordninga er generell og omfattar alle bransjar og næringar. Ordninga gjeld frå 1. juli 2003 til 1. november 2003.