- Masseuttak vil på sikt gje betre jordbruksareal

Miljøvernminister Børge Brende har godkjend kommuneplan for Klepp med masseuttak på Nese.

Miljøverndepartementet finn at konflikten med naturverninteressene i området ikkje er tung nok til å gå imot kommunestyret sitt vedtak. På sikt vil planen betre høvet for maskinell jordbruksdrift, fordi området skal gå attende til jordbruksareal etter uttaket av grus. - Tiltaka som er planlagt på Nese er ikkje i strid med nasjonale eller viktige regionale omsyn. Terrenginngrepet er lite, og ein må sjå på det mest som ei arrondering av jordbruksareal der ein legg til rette for maskinell drift. Området skal etter uttaket av grus gå attende til jordbruksareal, seier miljøvernminister Børge Brende. Miljøverndepartementet finn etter ei samla vurdering at planen kan godkjennast, og syner til at kommunestyret samrøystes har tilrådd han. Ei motsegn frå Fylkesmannen i Rogaland er ikkje tatt til følgje. Planområdet ligg inntil Orrevatnet naturreservat, men fell utanfor grensa for naturreservatet. I aust ligg det inntil fylkesveg 249. I haugen opp til fylkesvegen er det tatt ut masse før, og ikkje langt frå området ligg eit mindre uttak som er i drift. På det aktuelle arealet er det i dag ikkje attende lyngmark, då denne er beita ned.