Endring i finansieringsopplegg for rv 4

- Bommen på riksveg 4 ved Breiskallen, mellom Gjøvik og Raufoss, skal opnast for gratis passering frå 1. juli i år og fram til ny veg er ferdig utbygd på strekninga Reinsvoll Hunndalen, seier samferdselsminister Torild Skogsholm.

- Med det finansieringsopplegget som regjeringa no gjer framlegg om, vil det vere mogeleg å få til ei rask og effektiv anleggsdrift på riksveg 4 i Oppland. Eg har også lagt vekt på at det på lokalt hald er tilslutnad til ei endring av bompengeordninga, og eg er innstilt på at staten tar ein auka del av dei samla kostnadene for vegen, seier Skogsholm, i samband med at regjeringa i statsråd i dag har gjort framlegg om endringar i den tidlegare vedtatte finansieringsordninga for bygging av ny veg på strekningar på riksveg 4 i Oppland. Utbygginga av strekningane Reinsvoll Hunndalen og Lygna N Eidsvoll er rekna å koste om lag 400 millionar kroner. Innkrevjinga av bompengar ved Breiskallen tok til 1. juli i fjor. Endringa i finansieringsopplegget har samanheng med fleire forhold, mellom anna auka anleggskostnader på grunn av nye krav til vegutforming for å gjere trafikken tryggare. I tillegg har trafikken gjennom bomstasjonen ved Breiskallen blitt vesentleg lågare enn tidlegare rekna med, noko som igjen har ført til lågare bompengeinntekter. Framlegget om endring i finansieringsopplegget går ut på at det ikkje skal vere innkrevjing av bompengar samtidig med at det blir gjennomført byggjearbeid på riksveg 4. I staden skal den statlege delen av finansieringa aukast, og innkrevjing av bompengar skal først skje etter at den nye vegen er tatt i bruk. Bomstasjonen på riksveg 4 ved Breiskallen blir opna for gratis passering i byggjeperioden, det vil seie frå og med 1. juli 2003. Når prosjektet Reinsvoll Hunndalen blir opna for trafikk i løpet av 2006, vil det bli innkrevjing av bompengar i bomstasjonen på tidlegare riksveg 4 ved Breiskallen og ved bomstasjonen på ny riksveg 4 ved Grøndalen. Nivået for bomtakstane vil vere det samme som i dag, justert for den generelle prisstiginga i samfunnet. I framlegget til endring i bompengeoppleget er det elles lagt til grunn at perioden for innkrevjing av bompengar skal vare i ni år, medan det i tidlegare opplegg var føresett ein periode på fire og eit halvt år. Det er dessutan lagt til grunn at den statlege delen av finansieringa blir auka frå 47 til 53 prosent.