Konkurstala aukar framleis

I tredje kvartal i år vart det opna 834 konkursar. Dette er ein auke på 43 prosent samanlikna med den same perioden i fjor.

 

 

Den største prosentvise auken finn vi i Nord-Trøndelag (164 prosent), Møre og Romsdal (128 prosent) og Oppland (118 prosent). Oslo er det einaste fylket der talet på opna konkursar gjekk ned (-6,4 prosent).

582 av konkursane er føretakskonkursar som omfattar alle føretak unnateke enkeltpersonføretak. Talet på føretakskonkursar auka med 51,2 prosent. Ein tredel av dei var innanfor varehandel, reparasjon av kjøretøy og hushaldsapparat. I denne næringa gjekk talet på konkursar opp med 32 prosent.

Dei resterande 252 konkursane omfattar personlege konkursar og enkeltpersonføretak. 40 prosent av dei dreiv innanfor byggje- og anleggsverksemd. I denne bransjen vart det opna 51 prosent fleire konkursar i perioden.

Stadig fleire NUF-konkursar
Ni av ti føretak som gjekk konkurs i tredje kvartal, er aksjeselskap eller enkeltpersonføretak (som òg inkluderer personlege konkursar). Dette tilsvarar delen av føretak med desse organisasjonsformene i bestanden. Norskregistrerte utanlandske føretak (NUF) stod for 9,1 prosent av konkursane, medan dei berre utgjer 1,9 prosent av føretaka.

Hittil i år er det totalt 2 462 konkursar, 14,2 prosent fleire samanlikna med den same perioden i 2007.