Løyve til å bygge Ueland Kraft

NVE har gjeve Ueland Kraft AS løyve til regulering av Kotletjørn og bygging av Ueland minikraftverk i Lund kommune i Rogaland.

Kraftverket vil gje ein årleg produksjon på omlag 3,5 GWh, noko som svarar til straumbruken til rundt 175 husstandar.

Kraftverket vil nytte eit fall på 158 meter, frå Kotletjørn og ned til Ualandsåna på kote 223. Det er gitt løyve til å regulere Kotletjørn 2 meter ned frå kote 382,5. Eksisterande dam og inntaksarrangement i Kotletjørn vil bli opprusta. Det er også gjeve løyve til inntak i Svartevatnsbekken.

Det er ikkje gjeve løyve til omsøkt regulering av Juvvatn av omsyn til kommunens uttak av drikkevatn. Eksisterande veger vil bli nytta, og det er stilt krav om at hovudrørgata vert grave/sprenge ned og bore i fjell. Røyrgata frå Svartevatnsbekken vert delvis nedgrave.

Av omsyn til biologisk mangfald og drikkevatn har NVE fastsette ei minstevassføring på 30 l/s heile året frå Kotletjørn og 2 l/s heile året frå inntaket i Svartevatnsbekken. NVE pålegg utbyggjar å nytta eksisterande veger og delvis bore røyrgata gjennom fjell. Det er og gjeve forbod mot støyande verksemd i området mot Daureknuten frå og med februar og til og med juni av omsyn til hekketida for hubro. Det er lagt vekt på at arealbruken i samband med dei tekniske inngrepa skal vera på eit minimum, og alle inngrepa skal gjerast med varsemd. NVE vil sjå til at dette vert ivareteke gjennom godkjenning av detaljplanar for anlegget og oppfølging i byggetida.

NVE vurderer utbygginga med dei fastsette avbøtande tiltaka å vere akseptabel i høve til allmenne og private interesser.