Nedgang i lastebilkostnadene

Totalkostnadsindeksen for lastebiltransport gjekk i snitt ned med 0,4 prosent frå august til september. Dei siste tolv månadene har totalkostnadene stige med 8,7 prosent, melder SSB.

Kapitalkostnadsindeksen gjekk ned med 1,3 prosent frå august til september, som følgje av ein nedgang i det inflasjonsjusterte rentenivået som ligg til grunn for rentekostnaden i denne indeksen. Det siste året har denne indeksen, som er samansett av avskrivingar, rentekostnader og vektårsavgifter/årsavgift, stige med 4,2 prosent.

Billegare diesel
Prisutviklinga på råolje førte til at drivstoffindeksen fall med 1,0 prosent den siste månaden. Det siste året har denne delindeksen auka med heile 22,9 prosent. Drivstoffindeksen er basert på faktiske pumpeprisar innhenta frå forhandlarar over heile landet kvar månad.

Auka reparasjons- og servicekostnader
Delindeksen for reparasjons- og servicekostnader auka med 0,2 prosent frå august til september, etter prisjusteringar hos einskilde leverandørar. Det siste året har denne delindeksen stige med 6,2 prosent.

Prisstigning på dekk
Dekkindeksen gjekk opp med 0,1 prosent den siste månaden. Det siste året har denne delindeksen auka med 4,2 prosent.