Team Bolig ut av dvalen

Medan mange vel å gå i hi i desse haust-tider, for å førebu seg til ein lang og kald vinter, kjem Team bolig si heimeside omsider ut av dvalen og er klar for ein lang, kald og frisk vinter!

Mykje har hendt sidan sesongavslutning i vår:

To løpere er ute av laget; Caroline Tangen har valgt å legge opp, medan Ingrid Vikman satsar på egenhand denne sesongen. I staden for har vi vore så heldige å fått med oss Ingunn Weltzin på laget. Ingunn er også aktiv på mange andre idrettsarenaer, og held eit høgt nivå innan orienterning og motbakkeløp.

I juni hadde vi ei flott samling på Sognefjellet og i august kosa vi oss med mykje god trening på hytta til familien Braathen ved Randsfjorden. Samlinga vart avslutta med tre dagar i Torsby.

Jorunn har forlatt sin Sauda-klubb og meldt seg inn i Høybråten og Stovner, og gleder seg til å representere sin nye klubb denne vinteren.

Merethe og Ellen har debutert i Fredagsbirken med gode resultat.

Ingunn deltok i VM i motakkeløp og var med og tok GULL i lagkonkurransen!

Les meir her: www.kondis.no

Solfrid er bare blitt raskare og raskare...

Ellen og Merehte var på samling i Torsby i byrjinga av september. Sykdom forhindra dei andre tre i å delta på den samlinga.

Tross litt sjukdom hos nokre av oss, har me alle lagt ned mykje god trening i sommar og haustmånadane og vi gler oss til fortsetjinga. Om to veker reiser vi til Ramsau og blir der i 10 dagar for å gå på ski.