Energiprodukter trekker ned konsumprisene

Konsumprisindeksen (KPI) falt med 0,5 prosent fra 15. april til 15. mai. Nedgangen kommer i hovedsak av prisutviklingen på energiprodukter, melder SSB.

Dette forklarar fallet i 12-månadersveksten frå 2,9 prosent i april til 2,1 prosent i mai. KPI justert for endringar i avgifter og utan energivarer (KPI-JAE) har auka med 1,2 prosent dei siste 12 månadene. KPI var 112,3 (1998=100) i mai i år samanlikna med 110,0 i mai i fjor. Prisendring frå april til mai: Konsumprisane ned 0,5 prosent Elektrisitetsprisane, inkludert nettleige, har dei siste månadene vore hovudårsaka til nedgangen i konsumprisane og i mai gjekk prisane ytterlegare ned med 9,1 prosent. Samla har prisane falle med 39,3 prosent sidan januar. Prisane på bensin heldt fram å falle i mai og viste ein nedgang på 5,9 prosent. Prisane på hotellovernattingar gjekk ned med 2,4 prosent og medverka også til nedgangen i KPI i mai, det same gjorde lågare prisar på audiovisuelt utstyr. Prisane på matvarer gjekk derimot opp med 0,4 prosent frå april til mai. Det var i hovudsak prisane på frisk frukt som steig. Særleg appelsinar viste ein kraftig prisauke. Prisane på alkoholhaldige drikkevarer steig også samla med 0,4 prosent i mai. 12-månadersveksten: Elektrisitetsprisar drar prisveksten opp KPI har stige med 2,1 prosent dei siste 12 månadene. Til tross for at elektrisitetsprisane har falle kvar månad sidan februar i år, ligg prisane 29,6 prosent høgare enn på same tid i fjor. Elektrisitet inkludert nettleige står dermed framleis for det største enkelttilskottet til 12-månadersveksten. KPI eksklusive elektrisitet har auka med 1,1 prosent frå mai i fjor. Ein auke i estimert og betalt husleige på respektive 4,3 og 4,2 prosent frå mai i fjor til mai i år har også medverka til veksten i konsumprisane. Prisane på matvarer har stige med 3,5 prosent dei siste 12 månadene. Prisauken omfattar særleg ei rekkje brød og kornprodukt og meieriprodukt i tillegg til friske grønsaker. Høgare forsikringspremiar medverka også til 12-månadersveksten i konsumprisane. Det same gjorde mellom anna prisane på tenester og ulike varer knytte til fritid og kultur samt helsetenester. Prisane på klede og skotøy har samla falle med 11,5 prosent frå mai i fjor til mai i år. Prisane på klede fall mest med 12,2 prosent, medan prisane på skotøy gjekk ned med 6,8 prosent. I motsetnad til tidlegare i år, har også bensinprisane medverka til å dempe veksten i konsumprisane. Bensinprisane var i mai 2,8 prosent lågare enn i same periode i fjor. I tillegg vart det registrert ein nedgang i prisane på audiovisuelt utstyr og teleutstyr på 12-månadersbasis. Endringar i 12-månadersveksten 12-månadersveksten i KPI gjekk frå 2,9 prosent i april til 2,1 prosent i mai. Den kraftige nedgangen kjem i stor grad av prisutviklinga på energiprodukt. Elektrisitetsprisane fall, som nemnt ovanfor, med 9,1 prosent medan det berre vart registrert marginal nedgang i mai i fjor. Bensinprisane fall 5,9 prosent i mai i år mot 2,5 prosent i mai i fjor. Prisutviklinga på klede, teletenester samt husleiger medverka også til nedgangen i 12-månadersveksten. KPI justert for endringar i avgifter (KPI-JA) fall frå 3,0 prosent i april til 2,0 prosent i mai medan KPI-JAE gjekk frå 1,6 til 1,2 prosent, avslutter SSB.