Klår nedgang for investeringsvarer

Norsk industriproduksjon viser ny klår nedgang frå mars til april i år, viser sesongjusterte tal. Dette heng saman med produksjonen av investeringsvarer og til dels produksjonen av konsumvarer. Det har vore ein liten auke i produksjonen av innsatsvarer.

Produksjonen av investeringsvarer har hatt ein nedgang på om lag 5 prosent gjennom april i år. Plattformindustrien har hatt ein markert nedgang i aktiviteten i april og produksjonen har gått ned med om lag 10 prosent. Dette er ein konsekvens av den svake ordresituasjonen for norske plattformverft. Fleire aktørar er i gang med ei tilpassing til eit lågare aktivitetsnivå for 2003 i høve til situasjonen i fjor. Svake tal for transportmiddel og verkstadindustri Produksjonen av transportmiddel har hatt ein nedgang på over 3 prosent. Dette er mellom anna knytt til ei svak utvikling for norske skipsverft. Fleire store kontraktar er sluttførde og etterspurnaden frå den norske marknaden er dårleg. Verkstadnæringane har også dårlege tal i april, der maskinindustrien og elektroteknisk og optisk industri har hatt den svakaste utviklinga. Svak etterspurnad heime og ute for maskinindustrien verkar inn på aktiviteten. Verkstadnæringane har likevel ikkje så svak utvikling som bygging av skip og plattformar, sjølv om tendensen er negativ. Nedgang for forlag og grafisk industri Ein nedgang på nesten 5 prosent innanfor forlag og grafisk industri trekkjer ned samla produksjon av konsumvarer i april. Produksjonen i nærings- og nytingsmiddelindustrien har hatt ein auke på nesten 3 prosent. Auke for kjemiske råvarer og treforedling Det har vore ein auke i produksjonen av innsatsvarer med om lag 0,5 prosent frå mars til april. Dette heng saman med ein auke i produksjonen av kjemiske råvarer og trefordeling. Det har vore ein liten auke i etterspurnaden for kjemiske råvarer inn i 2003 samanlikna med slutten av fjoråret. Det har til dels vore stor variasjon i produksjonen av kjemiske råvarer gjennom dei siste 12 månadene, viser sesongjusterte tal.