Løyve til å bygge Bråtåelva kraftverk

NVE har gjeve Lars Nordraak og Øivind Tandberg løyve til å bygge Bråtåelva kraftverk i Søndre Land kommune i Oppland. Kraftverket vil gje ein årleg produksjon på omlag 1,4 GWh, noko som svarer til straumbruken til rundt 70 husstandar.

Kraftverket vil nytte eit fall på omlag 240 meter over ein strekning på 1,5 km i Bråtåelva. Vatnet vert ført i nedgrave røyr frå inntaket til kraftstasjonen.

For å sikre tilhøva for rødlisteartene trådragg og hodeskoddelav og andre allmenne interesser i og langs vassdraget, er det fastsett ei minstevassføring i Bråtåelva. I mai og juni er minstevassføringa på 100 l/s, 50 1/s i perioden 1. juli til 30. september og 20 l/s resten av året. Det er vidare lagt vekt på at alle inngrepa skal gjerast med varsemd. NVE vil sjå til at dette vert ivareteke gjennom godkjenning av detaljplanar for anlegget og oppfølging i byggetida.

NVE vurderer utbygginga med dei fastsette avbøtande tiltaka å vere akseptable i høve til allmenne og private interesser. Meir om kraftverket på www.nve.no