Høgspentline fall ned

Høgspentlina som kryssar Austefjorden i Volda har falle ned i Hjartåberget og riksveg 651 er stengd, skriv Sunnmørsposten.

 

 

Det er den eine av tre partar i høgspentlina som har slitna.

Vegen rundt Austefjorden er sperra med ei brei sikkerhetssone frå lina. Mannskap frå Tussa er på plass for å sikre høgspentlina.

Det er ikkje kome inn melding om at nokon vart skadd då lina slitna omlag klokka 11.30 i føremiddag.