Sparte fergepenger kan brukes til veg

Regjeringen går inn for at innsparte statlege tilskudd til drift av ferjer kan brukes til å gjennomføre utbygging av nye vegsamband som avløser ferjesamband.

Også innsparte kapitalkostnader i ferjedrifta, det vil seie renter og nedbetaling av lån, skal kunne inngå i finansieringa av ferjeavløysingsprosjekt. Dette går fram av ei orientering som er tatt inn i eit forslag som gjeld ein del saker på Samferdselsdepartementet sitt område. Forslaget vart lagt fram i statsråd i dag. - Denne modellen for alternativ bruk av ferjetilskot vil kunne føre til at ein langs kysten får gjennomført fleire nye samferdselsprosjekt med nytte for trafikantar, næringsliv og samfunn. Fastlandssamband har mykje å seie for busetnad og livskraft i mange lokalsamfunn, og med denne finansieringsmodellen kan storsamfunnet vere med å få til ei slik utbygging. Samferdselsdepartementet legg til grunn at ein i vurderinga av ferjeavløysingsprosjekt skal ta omsyn til at slike ferjeavløysingsprosjekt frigjer ferjer som kan setjast inn i andre ferjesamband, og at ein såleis kan få mindre behov for nye ferjer, samla sett. Når det gjeld innsparte kapitalkostnader har Samferdselsdepartementet kome fram til at ein i finansieringsplanen for eit ferjeavløysingsprosjekt skal leggje til grunn at bidrag frå innsparte kapitalkostnader skal baserast på gjennomsnittlege kapitalkostnader i heile ferjeflåten. Denne modellen vil, etter førebelse vurderingar, føre til at eit ferjeavløysingsprosjekt vil få eit bidrag på om lag 3,5 millionar kroner per ferje i årleg i innsparte kapitalkostnader for ferjedrifta. Over ein periode på 15 år vil eit slikt bidrag kunne tilbakebetale eit lån på 52,5 millionar kroner. Bompengeselskapet eller lokale styresmakter skal dekkje prisstigning og renter. Eit ferjeavløsyingsprosjekt vil normalt seie at det skal byggjast ei bru eller ein tunnel, med tilhøyrande vegnett. Dette fører til auka drifts- og vedlikehaldskostnader som må trekkjast frå det innsparte ferjetilskottet. Førebels vurderingar tyder på at årlege netto innsparte driftskostnader for staten for ulike ferjeavløysingsprosjekt varierer frå ingenting til om lag 9,5 millionar kroner. Ei årleg innsparing på 9,5 millionar kroner per år vil kunne tilbakebetale eit lån på 142,5 millionar kroner over ein periode på 15 år. I orienteringa blir det vist til at alternativ bruk av ferjetilskott åleine ikkje vil kunne finansiere utbygging av eit ferjeavløysingsprosjekt. Finansieringsplanen for slike prosjekt må difor ta omsyn til bompengebidrag, bidrag frå lokale styresmakter og næringsliv, netto innsparte ferjekostnader og annan statleg finansiering. Prioritering i Nasjonal transportplan I orienteringa blir det vist til at ei ordning med alternativ bruk av ferjetilskot vil gi bindingar over statsbudsjettet. Handsaminga i Stortinget av Nasjonal transportplan legg rammene for transportpolitikken. Samferdselsdepartementet meiner derfor ar det må vere eit grunnleggjande vilkår for prioritering av ferjeavløysingsprosjekt at prosjektet er prioritert i handlingsprogram knytt til Nasjonal transportplan. Det er eit vilkår at lokale styresmakter eller bompengeselskap forskotterer staten sine framtidige innsparingar til å realisere vegsambandet. Forslag om slikt forskott må skje etter same sakshandsamingsrutiner som ved ordinære søknader om forskott. Dette betyr at lokale styresmakter må leggje fram ein søknad om forskott for Statens vegvesen for vurdering. Stortinget skal etter framlegg frå Samferdselsdepartementet - gjere endeleg vedtak om bruk av forskott. Renteutgifter og utgifter som følgje av prisstigning knytte til slike forskott må dekkjast av lokale styresmakter eller bompengeselskap. Tidshorisonten for eit slikt forskott er maksimalt 15 år, går det mellom anna fram av orienteringa.