Anleggsstart for Eiksundsambandet starter

Utbyggingen av riksvegprosjektet Eiksundsambandet i Møre og Romsdal skal ta til med ordinær anleggsdrift mot slutten av 2003.

- I første omgang gjeld dette igangsetting av arbeidet med den 450 meter lange Eiksundbrua, frå Eiksund til øya Eika. Neste år blir det så anleggsstart for bygging av ein 7,8 kilometer lang undersjøisk tunnel frå øya Eika i Ulstein kommune til Steinnesstranda på grensa mellom kommunane Volda og Ørsta, opplyser samferdselsminister Torild Skogsholm. Kostnadsramma for Eiksundsambandet er no rekna til i alt 864 millionar kroner. Finansieringa av prosjektet fordeler seg med 609,8 millionar kroner i løyvingar over statsbudsjettet, 162,6 millionar kroner i bompengar og 40,6 millionar kroner i tilskott frå kommunane i området, går det fram av ei orientering som er tatt inn i eit forslag som gjeld ein del saker på Samferdselsdepartementet sitt område. Forslaget blei lagt fram i statsråd i dag. Utbygginga av Eiksundsambandet vil føre til at ferjesamsambandet Eiksund Rjånes, på riksveg 653, kan leggjast ned. Når utbygginga er ferdig vil dei fire øykommunane Hareid, Ulstein, Herøy og Sande, med til saman 22 000 innbyggjarar, få ferjefritt vegsamband til fastlandskommunane Ørsta og Volda. I orienteringa blir det vist til at det alt i februar i år blei sett i verk ein del førebuande anleggsarbeid for å sikre at bru- og tunnelanlegget kan komme i gang med ordinær drift, i tråd dei planar som er lagde fram. Eiksundsambandet omfattar bygging av i alt 14,9 kilometer samla veg. I tillegg til bru og undersjøisk tunnel, omfattar strekninga bygging av 4,9 kilometer med veg i dagen og ein tunnel på 1 160 meter og ein tunnel på 630 meter.