Stamvegnettet blir utvidet 1100 kilometer

Fra og med 1. januar 2004 blir stamvegnettet utvidet med 1 143 kilometer, til 8 597 kilometer, melder samferdselsdepartementet.

De nye stamvegene vil innen utgangen av 2003 bli skiltet som stamveger. Vedlikehold og drift av de nye stamvegene vil fra årsskiftet bli gjennomført i samsvar med gjeldende stamvegstandard. Dette går fram av ei orientering som er tatt inn i eit forslag som gjeld ein del saker på Samferdselsdepartementet sitt område. Forslaget blei lagd fram i statsråd i dag. - Utvidinga av stamvegnettet vil gjere det lettare å styre og samordne innsatsen på viktige fylkeskryssande transportårer og legg også til rette for å utvikle transportkorridorar der ein ser veg-, bane og sjøtransport i samanheng, seier samferdselsminister Torild Skogsholm. I orienteringa blir det vist til at Stortinget i fjor haust handsama sjølve utvidinga av stamvegnett og ga sin tilslutnad til framlegget frå regjeringa. Samferdselsdepartementet har no følgd opp saka, med mellom anna tidsplan og opplegg for gjennomføring av endringane. Riksvegane i Norge er delte inn i stamvegar og såkalla øvrige riksvegar. Stamvegnettet er avgrensa til å omfatte dei viktigaste vegrutene. Dette nettet har mykje å seie for næringslivet og for person- og godstransport over lange avstandar. Stamvegnettet blir vurdert og bygd ut uavhengig av fylkesgrenser, og med sterkare prioritering og samordning frå sentrale styresmakter, enn det som er tilfelle for andre riksvegar. Utvidinga av stamvegnettet har samanheng med at regjeringa gjekk inn for å endre kriteria for kva for stamvegar som bør inngå i stamvegnettet. Regjeringa meiner at desse typene av vegar bør inngå i stamvegnettet: Alle Europavegar Hovudtransportruter til og frå utlandet, først og fremst vegar som er knytte saman med stamvegnett i nabolandet Gjennomgåande ruter som har mykje å seie for transportar mellom landsdelar. Med utgangspunkt i desse kriteria vil stamvegnettet frå 1. januar 2004 bli utvida med desse riksvegstrekningane: Riksveg 4 Oslo E6 ved Mjøsbrua, 140 kilometer Riksveg 5 Førde Florø, 56 kilometer Riksveg 9 Kristiansand Haukeligrend, 236 kilometer Riksveg 13 Jøsendal Voss, 104 kilometer Riksveg 15 Eid Måløy, 53 kilometer Riksveg 35 Hønefoss Hokksund, 56 kilometer Riksveg 36 Seljord Eidanger, 93 kilometer Riksveg 7 Hønefoss Gol, 134 kilometer Riksveg 52 Gol Borlaug, 77 kilometer Riksveg 70 Kristiansund Oppdal, 161 kilometer Riksveg 92 Karasjok Karigasniemi, 18 kilometer Riksveg 150 Hovin Tjernsmyr, Store Ringveg i Oslo, 15 kilometer