Dobbel hamneåpning i Nordland

11. og 12. juni var to merkedagar for Kystverket Nordland. Da var det offisiell opning av dei utbetra hamneanlegga på Værøy og Melbu.


- Det er vel sjeldan at to så store prosjekt, som geografisk ligg så nær kvarandre, blir ferdigstilt såpass samtidig at vi får opning to dagar på rad, seier prosjektleiar Tone Sivertsen i utbyggingsavdelinga i Kystverket Nordland.

Med kostnadsrammer på 125 millionar kroner for utbetringane på Værøy og 100 millionar på Melbu har dei to hamnene vore gjennom store utbetringar.

Men om kostnadane har vore i same storleik, har prosjekta vore løyst på veldig ulike måtar.

- På Værøy tørrla vi heile hamneområdet før vi sprengte og fjerna lausmasse i det tørrlagte området. På Melbu gjennomførte vi ei tradisjonell utdjuping, med mudring, undervassprengning og graving. Der har vi laga ei ny innsegling til hamna, med molo som stenger av den gamle innseglinga og skjermar den nye, fortel Sivertsen.

For begge hamnene er det Secora, tidlegare Kystverket Produksjon, som har vunne dei offentlege anbudsrundane og gjennomført prosjekta, skriv Kystverket på sine heimesider.