NVE gir konsesjon for bygging av Rivedal kraftverk

NVE har gitt Rivedal Kraftverk AS løyve til å byggje og drive eit småkraftverk i Rivedalselva i Askvoll kommune i Sogn og Fjordane.

Kraftverket vil vere eit reint elvekraftverk og gjennomsnittleg årsproduksjon blir om lag 13 GWh. Rivedal Kraft AS er eit privat aksjeselskap under stifting og eigd av 20 grunneigarar som har fallrettar til prosjektet. Det planlagte kraftverket vil nytte ei fallhøgd på 200 meter og berøre ei strekning på omlag 1300 meter. Dei fysiske inngrepa vil omfatte utgraving og sprenging av inntaksmagasin, bygging av dam, nedgraving av røyrgate, bygging av kraftstasjon og ein 1600 meter lang veg. Utbyggjar er pålagt å sleppe ei minstevassføring frå inntaksdammen på 80 liter i sekundet i sommarhalvåret og 50 liter i sekundet i vinterhalvåret. Minstevassføringa vil hindre tørrlegging av elveløpet på utbyggingsstrekningen. NVE meiner det planlagte kraftverket kan vere eit bidrag til å styrkje det lokale næringsgrunnlaget, og at fordelane med utbygginga er større enn ulempene.