Karmøy inkludert i Haugalandspakken

Så er Karmøy kommune formelt inkludert i Haugalandspakken, melder vegvesen.no

Måndag 2. juni vedtok Stortinget å utvide bompengeordninga på Haugalandet til også å gjelde Karmøy kommune.

1. juli startar innkrevjinga i bomstasjonane i Haugesund og Tysvær. No vert det arbeidd for at innkrevjinga i dei fire planlagde bomstasjonane på Karmøy skal byrje snarast råd.

Men i 2008 vert det uansett ikkje, ifølgje prosjektkoordinator i Statens vegvesen, Einar Færaas.

- Det er minimum seks månader bestillingstid på ein del av det utstyret som krevst i bomstasjonane. Denne bestillinga kunne ein ikkje gjere før det endelege stortingsvedtaket var på plass.