Vil forlengje E16 til Gävle

Regjeringa vil greie ut om E16, stamvegen Bergen-Oslo, bør forlengjast til Gävle på den svenske austkysten.

I oktober 2007 fekk Statens vegvesen og Jarnbaneverket i oppdrag å kartleggje veg- og jernbaneinfrastrukturen over riksgrensa mellom Noreg og Sverige. Tilsvarande oppdrag vart gjeve frå den svenske regjeringa.

Regjeringa vil greie ut om E16, stamvegen Bergen-Oslo, bør forlengjast til Gävle på den svenske austkysten. I oktober 2007 fekk Statens vegvesen og Jarnbaneverket i oppdrag å kartleggje veg- og jernbaneinfrastrukturen over riksgrensa mellom Noreg og Sverige. Tilsvarande oppdrag vart gjeve frå den svenske regjeringa.

- Rapportane frå etatane viser at det ikkje finst noko opplagt vegsamband mellom Oslo-regionen og Gävleborgs län, Dalarnas län og den nordre delen av Värmlands län. Det ønskjer vi å sjå nærare på, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.

Den svenske regjeringa vedtok difor i dag at länsväg 239 mellom Torsby og grensa til Noreg skal vere riksveg. Størstedelen av sambandet på svensk side er allereie riksveg, men delen mellom Torsby og grensa til Noreg (länsväg 239) er eit unntak.

Den svenske regjeringa vedtok i dag også å gje Vägverket i oppdrag å greie ut føresetnadane for at vegsambandet mellom riksgrensa og Gävle skal kunne inngå i det internasjonale hovudvegnettet og dermed verte Europaveg.

Samferdselsdepartementet har gjeve tilsvarande oppdrag til Vegdirektoratet om å greie ut ei forlenging av noverande E16 til riksgrensa mot Sverige. Vegdirektoratet er beden om å sjå både på eit alternativ der E16 går via Oslo og eit alternativ der E16 tek av frå Hønefoss og går via Gardermoen.

- Ein eventuell ny hovudveg mellom Sverige og Noreg vil binde saman dei europeiske landa på ein mykje tydelegare måte enn tidlegare, og vi får eit vegsamband som startar i Londonderry i Nord-Irland og held fram gjennom Skottland, Bergen, Fagernes, Hønefoss/Oslo, Kongsvinger, Torsby, Borlänge og endar i Gävle, seier Navarsete.