Løyve til vassuttak frå Sundsfjordvassdraget

NVE har gjeve Nova Sea AS løyve til vassuttak frå Sundsfjordvassdraget. Nova Sea AS har og fått løyve til å bygge supplerande- og reservevassforsyning frå Sundsfjord kraftverk i Gildeskål kommune i Nordland.

Føremålet med uttaket er smoltproduksjon.

Nova Sea AS planleggjar å opprette eit settefiskanlegg på Øyra i Sundsfjord, Gildeskål kommune. Anlegget skal etter planen produsere 8 _ 10 mill. smolt, og vil gje om lag 12 arbeidsplassar når det er i drift. Anlegget blir etablert i eit område som allereie er sterkt prega av menneskelege inngrep, og kor vassdraget er regulert til kraftføremål. NVE vektlegg at etableringa av anlegget vil gje tiltrengte arbeidsplassar i Gildeskål kommune og at den auka verdiskapinga vil vere markant. NVE meiner at fordelane ved tiltaket samla sett er større enn ulempene for allmenne og private interessar.