Kvileplassar for tungtransporten

I april gjekk Statens vegvesen ut og annonserte etter samarbeidspartnarar for å få etablert kvileplassar for tungtransporten. Over 30 interesserte har svart,

- Dette er mest bensinstasjonar, men også tomte-eigarar som har meir langsiktige planar, fortel Kjell Kvåle.

Ca. 10 verksemder kan vera startklare i 2008.

- Dette har vore ei kjekk oppgåve med god involvering frå mange, understrekar han. Bakgrunn for tiltaket er at vi har fått innspel frå næringa sjølv og tatt det inn i Nasjonal transportplan.

Brei prosess
Prosessen har vore brei og konstruktiv. I første runde vart arbeidet koordinert på regionnivå med trafikkavdeling, strategistab og adm/jus. I oppstartfasen hatt vi hatt god kontakt med Statens vegvesen Region sør og Vegdirektoratet, og no er alle fem regionane i gang. I kunngjerings- og avtalefasen er distrikta inne. Alle har stilt svært godt opp, og frå no vil distrikta ha hovudansvaret både for avtalar og vidare oppfølging.

Godt eksternt samarbeid
- Eksternt har vi hatt godt samarbeid med NLF, NAF og politiet, fortel Kvåle. Fleire vinn-vinn- situasjonar gjer at samarbeidet glir godt. NLF med sine distrikt i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane vore særleg aktive.

Vidare arbeid
- 22. mai går distrikta gjennom innkomne forslag i eit felles møte, og ser dei i forhold til aktuelt behov. Vi ser ut til å få god dekning på det meste av "landlege" strekningar, medan byområda ikkje får god nok dekning i første omgang. Her må vi truleg seinare gå inn med meir aktiv rolle, der vi også tek investeringar i t.d. tomtekjøp. Vi vil framleis satsa på samarbeid med private aktørar, slik at dei står for dagleg drift etter ein avtale, seier Kvåle, som er knytt til Strategistaben og har hatt hovudansvar for dette arbeidet så langt.