100 mill til Oslotunnelen

Arbeidet med utbetring og vedlikehald i Oslotunnelen og tilgrensande jernbanestrekningar blir no framskunda i forhold til tidlegare planar.

- Med forslaget frå regjeringa om ei tilleggsløyving på 100 millionar kroner over statsbudsjettet for 2008 er det lagt til rette for raskare framdrift og meir omfattande tiltak for å fornye og utbetre denne viktige jernbanestrekninga, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.

I forslaget, som vart lagt fram i statsråd i dag, blir det vist til at det har vore mange vanskar i togdrifta i Oslo-området, med mange toginnstillingar på Oslo S, i hovudsak på grunn av tekniske feil i Oslotunnelen og tilgrensande signalanlegg. Etter initiativ frå Samferdselsdepartementet er det oppretta ei eiga prosjektgruppe som har fått i oppdrag å kartleggje og leggje fram forslag til forbetringar. Jernbaneverket leiar arbeidsgrupppa, der dei største togselskapa deltek.

Det er så langt identifisert 37 tiltak som bør gjennomførast straks, og som omfattar vedlikehald og fornying av eksisterande anlegg. Desse tiltak er rekna å koste om lag 100 millionar kroner.

Dei største strakstiltaka omfattar reinsking og utskifting av ballast, kontroll og utbetring av kontaktleidningsanlegg og betring av kundeinformasjon ved trafikkavvik. I tillegg kjem mellom anna ei rekkje mindre tiltak for å framskunde vedlikehald og fornying av spor, signalanlegg og tekniske anlegg.

Les mer her