Byggekostnader opp 3,7 prosent

Byggekostnadsindeksen for boliger steg 3,7 prosent fra mars i fjor til mars i år. Materialkostnadene økte med 2,3 prosent i samme periode, melder SSB.

Byggjekostnadene for bustadblokker steig med 4,6 prosent, mens einebustader auka med 3,5 prosent siste året. Materialkostnadene for bustadblokker og einebustader auka med respektive 2,0 og 2,2 prosent i same periode. Frå mars i fjor til mars i år steig kostnadene for røyrleggjararbeid mest, med 6,4 prosent for einebustader og 6,0 prosent for bustadblokker. Dei andre delindeksane auka mellom 1,7 og 4,9 prosent i same periode. Den siste månaden steig byggjekostnadene for einebustader med 0,3 prosent, mens kostnadene for bustadblokker var uendra. I same periode auka materialkostnadene for røyrleggjar mest med 3,5 prosent for einebustader og 3,4 prosent for bustadblokker. Tabellen: http://www.ssb.no/bkibol/