Folkemøte om oppstart av planarbeid for Stardalen kraftverk

NVE har motteke melding frå Stardalen Kraft AS med planar for bygging av Stardalen kraftverk i Jølster kommune, Sogn og Fjordane.

NVE arrangerer difor eit offentleg møte på Stardalen Bygdetun 27. februar kl. 19.30.

Kraftverket vil gi ein årsproduksjon på 49 GWh, noko som svarar til sttraumbruken til omlag 2500 husstandar.

Kraftverket vil nytte fallressursane i Starddalselva over ei strekkje på om lag tre kilometer frå Grepstad mot Klakegg. Meldinga er lagt ut til offentleg gjennomsyn på Tenestekontoret i Jølster kommune til høyringsfristen går ut 14. mars 2008.
På folkemøtet vil NVE orientere om sakshandsaminga og Stardalen Kraft AS vil orientere om planane for det nye kraftverket og forslag til konsekvensutgreiing. Folkemøtet haldast på Stardalen bygdetun 27. februar kl. 19.30.

Meir informasjon om saka på www.nve.no.