Høyere bensinpriser

Konsumprisindeksen (KPI) steg med 0,1 prosent fra 15. januar til 15. februar. Høyere priser på bensin trakk opp, mens lavere elektrisitetspriser trakk ned, melder SSB.

Konsumprisene har de siste tolv månedene steget med 4,8 prosent, ned fra 5,0 prosent forrige måned, fortsetter Statistisk Sentralbyrå. KPI var 114,6 (1998=100) i februar i år, mot 109,3 i februar i fjor. Tolvmånadersveksten i KPI justert for endringar i avgifter og utan energivarer (KPI-JAE) var 2,0 prosent i februar, opp frå 1,8 prosent i januar. Prisendring frå januar til februar: Oppgang på 0,1 prosent Prisane innanfor gruppa transport gjekk samla sett opp med 1,0 prosent frå januar til februar. Hovudårsaka til oppgangen var at bensinprisane steig med 4,9 prosent. Enkelte transporttenester, som for eksempel passasjertransport med T-bane og trikk, viste også ein prisauke. Etter ein prisnedgang i januar i samanheng med sesongsal, steig prisane på møblar, klede og skotøy i februar. Prisane på møblar, innreiings- og dekorasjonsartiklar samla sett steig mest med ein auke på 3,9 prosent, medan prisane på klede og skotøy gjekk opp med respektive 0,9 og 1,9 prosent. Prisane på matvarer steig med 1,0 prosent frå januar til februar. Størst prisauke vart registrert på friske grønsaker, enkelte meieriprodukt og nokre sukkerhaldige varer. Prisane på sosiale omsorgstenester og helsetenester viste også ein oppgang frå førre måling. Mellom anna vart det registrert ein auke i foreldrebetalinga i barnehagar. Satsane i kommunale barnehagar steig med 1,2 prosent, medan dei private barnehagesatsane auka med 1,3 prosent. For meir informasjon om barnehagetakstane, sjå eigen artikkel: Egenbetaling i barnehager. Endringstall, januar 2003 Prisane på elektrisitet inkludert nettleige gjekk ned med 6,9 prosent frå januar til februar. Prisnedgangen vart registrert etter fleire månader med kraftige prisaukar. I motsetnad til føregåande månader, medverka prisane på elektrisitet inkludert nettleige til å dempe veksten i konsumprisane i februar. Tolvmånadersveksten: Høg prisvekst på energivarer Dei siste tolv månadene har KPI stige med 4,8 prosent. Det klart største tilskottet til tolvmånadersveksten kjem frå ein kraftig auke i prisane på elektrisitet inkludert nettleige. Til tross for at prisane gjekk ned med 6,9 prosent frå januar til februar, ligg elektrisitetsprisane heile 70,6 prosent høgare enn på same tid i fjor. KPI eksklusive elektrisitet har auka med 2,0 prosent sidan februar 2002. Bensinprisane er eit anna energiprodukt som medverkar til den høge konsumprisveksten. Prisane har stige med 10,5 prosent sidan februar i fjor. KPI utan energivarer (KPI-JE) har hatt ein auke på 1,7 prosent frå februar i fjor til februar i år. Auka prisar på ei rekkje tenester, blant anna forsikring og helsepleie, trekkjer også opp prisveksten dei siste tolv månadene. Prisane på aviser, bøker og papirvarer har også stige meir enn den gjennomsnittlege konsumprisveksten. Prisane på klede har falle med 7,9 prosent sidan februar i fjor, og har saman med lågare prisar på audiovisuelt utstyr og flybillettar medverka til å dempe oppgangen i konsumprisane frå februar i fjor til februar i år. KPI justert for endringar i avgifter (KPI-JA) har stige med 5,2 prosent frå februar i fjor til februar i år. Endringar i avgiftene trekkjer dermed samla sett ned tolvmånadersveksten i KPI med 0,4 prosentpoeng. Tolvmånadersveksten i KPI gjekk frå 5,0 prosent i januar til 4,8 prosent i februar på grunn av utviklinga i prisane på elektrisitet. Samanlikna med februar i fjor då elektrisitetsprisane berre gjekk ned med 0,4 prosent, fall prisane i februar i år med 6,9 prosent. Tolvmånadersveksten i KPI-JA fall frå 5,4 prosent i januar til 5,2 prosent i februar, avslutter SSB. http://www.ssb.no/kpi/