Dumper på sjøen

Føraren fylgde med då ein dumper lasta med stein gjekk i sjøen på ti meters djup. Mannen kom frå det med ei lita skramme som blei reparert med ein plasterlapp, skriv Haugesunds Avis.

Det var ved 09.00-tida fredag føremiddag ein 30 tonn tung anleggsmaskin lasta med 40 tonn stein hamna i sjøen på Aker Stord. Maskinen tilhøyrer maskinentreprenørfirmaet Vassbakk & Stol frå Karmøy, som sidan januar har arbeidd med å fylla ut i sjøen til ny kai på verftsområdet. Politiet opplyser at dumperen rygga mot sjøkanten då fyllinga gav etter, slik at maskinen hamna i sjøen med føraren inni. Alvorleg støkk Dagleg leiar i Vassbakk & Stol, Inge Jan Thorsen, fekk seg ein alvorleg støkk då han fekk beskjed om ulukka. Heldigvis kom føraren frå det utan store skader. Mannen, som er i 20-åra og frå Husnes, er ein av våre røynde maskinførarar, seier Thorsen, som brukte gårsdagen til å prøva å finna ut korleis ulukka kunne skje. Rutinane våre for slikt anleggsarbeid er grundige. Føraren og dumperen var sertifiserte. Det var plassert eit anna bemanna kjøretøy for å signalisera der lasset skulle dumpast, slik reglane seier. Utan at eg vil klandra nokon, verkar det likevel som om det har skjedd ein svikt, i og med at dumperen kom for langt ut, seier Thorsen. Gjennomgang I løpet av helga vil leiinga i Vassbakk & Stol saman med den bedriftsansvarlege for helse, miljø og sikkerhet gå gjennom ulukka og prosedyrane på nytt. Me må sjå om noko kan endrast for å unngå at noko slikt hender igjen, seier Inge Jan Thorsen. Også politiet og arbeidstilsynet kjem til å etterforska saka. Dumperen blei henta opp igjen alt i går, og blei straks frakta til verkstad for full gjennomgang.