Nedgang i konsum- og innsatsvarer

Sesongjusterte tall viser at norsk industriproduksjon har hatt en nedgang på rundt 3 prosent fra november i fjor til januar i år, sammenlignet med perioden før, melder SSB.

Konsumvarer, innsatsvarer og investeringsvarer har alle hatt nedgang, skriver Statistisk Sentralbyrå. Alle varegrupper utanom energivarer har hatt ein nedgang gjennom dei tre siste månadene samanlikna med perioden før. Produksjonen av næringsmiddel har gått ned om lag 2 prosent, medan møbelindustri og annan industri har hatt ein nedgang på over 6 prosent. Konsumvarer i alt har difor hatt ein nedgang på 3,4 prosent. Svak utvikling i produksjonen av innsatsvarer Innsatsvarer har hatt ein nedgang på om lag 4 prosent. Dette heng mellom anna saman med utviklinga innan mineralprodukt- og metallindustrien. Mineralproduktindustrien har hatt ein nedgang på over 11 prosent, medan metallindustrien har hatt ein nedgang på 2,5 prosent. Produksjonen av ikkje-jernhaldige metall har hatt ei betre utvikling. Trelast- og trevareindustri og treforedling har hatt ein nedgang på mellom 1 og 2 prosent i same tidsrom. Nedgang for verkstadindustrien siste tre månader Produksjonen av investeringsvarer har hatt ein nedgang på om lag 2 prosent gjennom dei tre siste månadene. Dei negative endringane er knytt til alle næringane utanom produksjon av maskinvarer. Elektroteknisk og optisk industri har hatt den svakaste utviklinga. Kraftig nedgang for næringsmiddelindustrien Norsk industriproduksjon har hatt ein nedgang på over 4 prosent sidan januar i fjor, viser vekekorrigerte tal. Produksjonen av konsumvarer har hatt ein markert nedgang. Dette heng mellom anna saman med ei svak utvikling innan produksjon av fisk og fiskevarer. Innsatsvarer har også hatt ein svak utvikling. Produksjonen av kjemiske råvarer var om lag 16 prosent lågare i januar i år enn for eit år tidlegare. Innan produksjon av investeringsvarer har det berre vore små endringar, men elektroteknisk og optisk industri skil seg ut med ein klår nedgang. Sesongjustert auke må tolkast med varsemd Norsk industriproduksjon har hatt ein auke på 1,5 prosent frå desember i fjor til januar i år. Treforedling har hatt ein auke på om lag 4 prosent, medan oljeraffinering og kjemisk industri har hatt ein nedgang på over 8 prosent. Auken i industrien i frå desember til januar kjem etter ein nedgang på 3,5 prosent frå november til desember. Ein bør difor sjå sesongjusterte endringstal i samanheng med endringane i perioden før, avslutter Statistisk Sentralbyrå. Statistisk Sentralbyrå: http://www.ssb.no/pii/