NVE avslår søknad om å bygge Erstadelva kraftverk

NVE seier nei til bygging av Erstadelva kraftverk i Sunndal kommune, Møre og Romsdal. NVE meiner at fordelane ved bygging av kraftverket ikkje veg opp for skadar og ulemper for ålmenne interesser.

Småkraft AS har søkt NVE om løyve til å bygge Erstadelva kraftverk i Sunndal kommune. Kraftverket vil nytte fallet mellom Erstadbotn og Øksendalen og gi ein årleg middelproduksjon på 13,3 GWh, noko som svarar til straumbruken til rundt 650 husstandar, melder NVE.

NVE legg i si vurdering vekt på at ei utbygging vil redusere vannføringa i Erstadelva kraftig. Utbygginga vil fjerne eit sentralt blikkfang i lokalsamfunnet, og medføre betydelege negative konsekvensar i eit heilhetleg kulturlandskap, i tillegg til å kunne ha ei viss effekt på biologisk mangfold.

Dei landskapsmessige konsekvensane kan vanskeleg avbøtast ved tiltak. NVE meiner derfor at fordelane ved bygging av Erstadbotn kraftverk er mindre enn ulempene for ålmenne interesser, og kravet i vassressurslova 25 er då ikkje oppfylt. På denne bakgrunnen er søknaden avslått.