Nye milliardinvesteringar på Mongstad

I same augneblink som Statoil avsluttar milliardinvesteringa på avsvovlingsanlegget for bensin på Mongstad, gir selskapet klarsignal for nye investeringar i milliardklassen. skriv avisa Nordhordland.

Ved Statoil Mongstad har eine gladmeldinga etter den andre tikka inn dei siste dagane. Eine dagen kjem klarsignal for utviding av Vestprosess og løyve til bygging av to nye dampkjelar til ENØK-prosjektet, dagen etter kjem positiv tilsegn om bygging av ein tredje råoljekai. Kaiutbygginga, som startar med bygging av tilførselsveg i desse dagar, er åleine eit prosjekt som vil kostar Statoil 100 millionar. Av forskjellige løysingar som låg i bordet for å løysa morgondagens kaiproblem, er dette den løysinga Statoil Mongstad sjølv ønskte. Utvidinga av Vestprosess-anlegget, som starta opp drifta i 1999, kjem i kjølvatnet av gassproduksjon som startar på Kvitebjørn i 2004 og Visund i 2205. Gassen frå desse to felta skal handsamast i eit nytt prosessanlegg som er under bygging på Kollsnes i Øygarden. Salsgassen skal eksporterast til Europa, medan våtgassen skal vidaresendast til Vestprosess på Mongstad. Vestprosess består i dag av ein røyrleidning for våtgass frå Øygarden til Mongstad, der det er bygt eit destillasjonsanlegg for denne type råstoff: Produkta er propan, butan og nafta. Propan og butan vert lagra i eigne fjellhallar på Mongstad før utskiping, medan nafta vert vidarehandsama på raffineriet, forklarar Kåre Ness, som er informasjonsleiar ved Statoil Mongstad. Dobla kapasitet Når anlegget står ferdig, skal volumet av våtgass som går gjennom røyret nesten doblast i høve til dagens kapasitet. Det vil ikkje medføra fleire nye arbeidsplassar på Mongstad, stadfestar informasjonsleiaren. Det som skal skje i byggeprosessen er at det skal setjast opp nye tårn og tankar. Jobben er enno ikkje lyst ut på anbod. Då vi bygde avsvovlingsanlegget, måtte vi til utlandet for å få produsert ein del av komponentane. Kanskje må vi også det denne gongen, både til delar av Vestprosess-utvidinga og dei to ny dampkjelane som vi også skal byggja, seier han. Dampkjelane er ein del av Statoil Mongstad sitt ENØK- prosjekt. Dei tre tiltaka skal alle vera ferdige i 2004. Det er ikkje fastsett kor tid arbeida vil bli oppstarta.