Siste betonglass frå Espeland

Etter 32 år sluttar betongbilane å rulla frå Espeland i Bjerkreim. Familiefirmaet Espeland Sand og Betong er historie etter at Jærbetong overtok på måndag, skriv Dalane Tidende.

At fjoråret var dårleg for Espeland Sand og Betong, er éin av grunnane til at Øyvind Espeland har selt aksjane i firmaet. - Me var for små. Espeland Sand og Betong leverte i fjor 5.500 kubikkmeter; Jærbetong leverte over 70.000 kubikkmeter. Men dei faste kostnadene, for eksempel utgiftene til godkjenningar og kvalitetssikring, var like store for begge. Den årlege sandprøven som må sendast til Trondheim for analyse, kostar 40.000 kroner. Det er mykje for eit lite firma, seier Øyvind Espeland, som har vore eineaksjonær i firmaet sidan han overtok etter faren for 13 år sidan. Han innrømmer eit visst vemod. - Det er løye å tenkja på at me ikkje skal blanda meir betong her på Espeland, seier 31-åringen, som bur like ved blandeverket i søre enden av Vinjavatnet. Seks blandebilar har kjørt for betongfirmaet i Bjerkreim. Ein fast leigesjåfør med eigen bil har hatt full jobb, og fleire andre har hatt deltidsjobb. Sandtaket, blandeverket og bygningane tilhøyrer Ivar Espeland, far til Øyvind. Junior har kjøpt sanden og leigd blandeverk og bygg. At verksemda kasta lite av seg i 2002, har også ei geografisk forklaring. - Me tapte rundt 100.000 kroner på at Gloppedalsvegen var stengt store delar av året. Store delar av marknaden vår har vore i indre Gjesdal og Sirdal. Mens vegen var stengt, tapte me kundar i dette området, samtidig som me fekk store ekstra transportutgifter på grunn av lang omkjøring, forklarer Espeland. Men hovudgrunnen til at Øyvind Espeland no sluttar å blanda betong, heiter Espeland Forskaling. Han eig det no eigersundsbaserte firmaet samen med John Espeland etter ein del fram og tilbake på eigarsida. Det var Øyvind Espeland som etablerte firmaet. For to år sidan selde han til Egersund byggsenter, men då dei ikkje lenger skulle driva med slik verksemd, kjøpte Øyvind Espeland forskalingsfirmaet tilbake, saman med John Espeland. Det angrar han ikkje på. - Firmaet går utruleg godt i forhold til forventningane me hadde. Omsetninga er på rundt 6 millionar kroner. 2002-resultatet blir positivt; overskotet blir større enn venta. Me omstrukturerte og endra rutinane då me overtok. Dyre leasingavtalar kvitta me oss med, og administrasjonen blei kutta, seier Øyvind Espeland, som sjølv iførte seg spikerforkleet då han blei eigar av firmaet. No ønskjer han å konsentrera seg fullt og heilt om forskaling, i tillegg til familien. - Med fire små barn innser eg at eg ikkje kan ha for mange ballar i lufta i jobbsamanheng. Det har blitt for mange seine netter og tidlege morgonar den siste tida, seier Øyvind Espeland. Han hadde ei god magekjensle då han måndag skreiv under kontrakten med Jærbetong. - Det var viktig for meg å få ein god avtale både med omsyn til dei som har jobba i Espeland Sand og Betong, og med tanke på kundane våre. Eg har følt eit moralsk ansvar for ikkje å setja folka våre i ei knipe. Jærbetong er eit proft firma med eit imponerande anlegg. Folka våre har fått tilbod om jobb hjå oppkjøparen, som dessutan har lovt å ta godt vare på kundane, seier Øyvind Espeland. Gjennom Espeland Forskaling er han sjølv den største av kundane som Jærbetong overtek frå Espeland Sand og Betong. - Kommunen spelte ikkje på lag Øyvind Espeland peiker ikkje akkurat nase til Bjerkreim, men meiner at kommunen ikkje har gjort noko for å hindra at betongfirmaet hans no forsvinn ut av bygda. Bjerkreim kommune har irritert Øyvind Espeland. Han har aldri bedt om at firmaet hans skulle bli subsidiert, men meiner heller ikkje det er rett av kommunen å tilsidesetja Espeland Sand og Betong. Det er slik han føler at firmaet er blitt behandla. - Bjerkreim skule er blitt ombygt, Bjerkreim sjukeheim har hatt fleire utbyggingsprosjekt, Vikeså skule er blitt renovert og Skjeraberget barnehage er blitt bygt utan at Espeland Sand og Betong har vore aktuelle som betongleverandørar. Eg kjenner til at andre kommunar, for eksempel Sirdal, har ein regel om at dei skal bruka lokale nisjebedrifter som underleverandørar dersom det let seg gjera i forhold til pris, kvalitet og kapasitet, seier Øyvind Espeland. - Har Espeland Sand og Betong vore for dyre? - Nei, det er ikkje årsaka. Me har nemleg aldri blitt spurt om å koma med pristilbod, seier han og viser igjen til Sirdal kommune. - Som aktuell underleverandør av betong til sjukeheimen på Tonstad kom me med eit pristilbod som var 40.000 kroner lågare enn den lokale leverandøren. Det lokale firmaet blei valt. Kommunen subsidierte dei. Det har eg aldri bedt Bjerkreim kommune om å gjera. Men eg kunne tenkt meg to setningar i retningslinjene om at dei lokale skal veljast viss vilkåra elles er like, seier Espeland. Han meiner firmaet har mista privatkundar på grunn av den negative signaleffekten av at kommunen ikkje har brukt Espeland Sand og Betong. - Folk stoler på at kommunen har greie på det; når ikkje kommunen bruker oss, må vel betongen vera for dårleg, eller prisen for høg, tenkjer dei. Privatmarknaden vår har blitt utvida nordover mot Stavanger, utover Jæren og oppover i Sirdal, men i Bjerkreim har me levert lite, konstaterer Espeland, som derimot har hatt store oppdrag for Eigersund kommune som forskalingsentreprenør. Ordførar Marthon Skårland i Bjerkreim kommune meiner at prisen må vera avgjerande for kven som får eit oppdrag, og at kommunen ikkje kan blanda seg inn i kven ein hovudentreprenør vel som underleverandør. - Næringslivet i Bjerkreim ønskjer jo å ha sjansen til å sleppa til i andre kommunar. Då må heller ikkje me stengja andre ute. Det er utidig slik som Sirdal kommune går fram, seier Marthon Skårland.