Opprusting av Blådalsvassdraget

NVE rår Olje- og energidepartementet til å gje Sunnhordland Kraftlag AS løyve til å byggje Blåfalli kraftverk Vik i Blådalsvassdraget i Kvinnherad kommune i Hordaland.

NVE rår òg til at det vert gjeve løyve til å ta Fossabekken inn på drifttunnelen til kraftverket. Kraftverket skal nytte fallet mellom det nedste eksisterande reguleringsmagasinet i vassdraget (Fjellhaugvatnet) og sjøen. Blåfalli kraftverk Vik skal erstatte dei eksisterande kraftverka Blåfalli I og II og vil gje ein auke i produksjonen på 106 GWh/år i høve til noverande produksjon. Effekten vert auka frå 80 MW til 180 MW. Dei omsøkte planane inneber investeringar på om lag 420 mill. kroner over ei anleggstid på 2,5 år og inneber betre utnytting av ressursar som alt er utbygd i Blådalsvassdraget. Planane inneber at Opstveitvatnet vert ført tilbake til omlag same naturtilstand som vatnet hadde før kraftutbygginga i Blådalsvassdraget tok til for omlag 50 år sidan. Blåelva nedanfor Fjellhaugvatnet vil få noko sjeldnare overløpsvatn frå Fjellhaugvatnet enn no, men elles blir forholda som tidlegare. Eit stort fleirtal av høyringsfråsegnene er positive til utbyggingsplanane, og NVE vurderer dei negative verknadene for ålmenta som små. NVE si innstilling kan du lese her. Olje- og energidepartementet vil stå for den vidare sakshandsaminga.