Løyve til å bygge Blådalselva kraftverk

NVE har gjeve Småkraft AS løyve til å regulere Blådalsvatnet og bygge Blådalselva kraftverk i Masfjorden kommune i Hordaland.

Blådalsvatnet vil bli regulert med ein meter og kraftverket vil nytte eit fall på 249 meter over ei strekke på om lag 1,5 km. Av omsyn til dei allmenne interessa i og langs vassdraget, er det sett krav om redusert regulering av Blådalsvatnet om sommaren, samt ei minstevassføring på 180 liter i sekundet heile året. NVE vurderer utbygginga med dei fastsette avbøtande tiltaka til å vere akseptable i høve til allmenne og private interesser.