Rv 48 Mundhein - Gjermundshamn er stengt

Rv 48 mellom Mundheim og Gjermundshamn i Fusa kommune i Hordaland er stengt.

Statens Vegvesen melder at: Dei seks tunnelane på strekninga på vestsida av Hardangerfjorden skal utvidast til 8,5 m breidde og 4,5 m høgde, - eit etterlengta prosjekt som skal vere ferdig i juni. Desse tunnelane har vore for låge og smale, slik at mykje transport ikkje har kome fram denne vegen. 12 mill. kroner er sett av til arbeidet, og ettersom strekninga vert stengt kan Vegproduksjon AS arbeide meir effektivt. Det er også tryggare for både vegarbeidarar og trafikantar å gjere det på denne måten. Til saman ein kilometer tunnel skal utvidast. Steinmassane skal nyttast til å bygge gang-/sykkelveg i Gjermundshamn og utbetring av vegen i Mundheimsdalen Under anleggsperioden vil det gå båtrute mellom Gjermundshamn og Mundheim sju gonger om dagen.