Regjeringa legg fram forslag om at det skal nyttast i alt 590 millionar kronar til tiltak for gåande og syklande i 2008, medrekna 250 millionar kroner i bompengar. Dette er ein auke på 280 millionar kroner eller 90 prosent i forhold til 2007. I tillegg kjem utbygging av gang- og sykkelvegar som del av nyanlegg på vegnettet, og som dermed blir finansiert av ordinære riksvegløyvingar og i somme tilfelle av bompengar.
Det vil neste år bli bygd gang- og sykkelvegar over heile landet. Her er nokre døme: I Oslo kjem ein ny og betre gang- og sykkeltrasé langs riksveg 150 Ring 3 mellom Nydalen og Storo. På riksveg 55 Håland - Austrheim i Sogn, skal 10 millionar kroner brukast til å forlengje ein eksisterande gang- og sykkelveg, som vil gi trygg skoleveg frå eit bustadfelt. Langs E6 Jensbakken - Grytting i Oppland skal ein bruke 7,3 millionar kroner på eit prosjekt som bind saman Grytting og Harpefoss.
- Nøkkelord
- Anlegg
- Statsbudsjettet