Tiltak mot dei mest alvorlege trafikkulukkene

- Regjeringa vil halde fram det målretta arbeidet med trafikktryggleik. Vi skal gjennomføre tiltak mot dei mest alvorlege ulukkene, og leggje til rette for betre og meir målretta kontrollar, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.

Totalt skal det nyttast om lag 520 millionar kroner til særskilte tiltak for trafikktryggleik langs eksisterande vegar 2008. 470 millionar kroner av dette er statlege løyvingar og 50 millionar kroner kjem frå bompengar. Dette er ein auke på 20 millionar kroner samanlikna med 2007-budsjettet. Det er tiltak retta mot dei mest alvorlege ulukkene som skal prioriterast. Dette vil vere tiltak som midtrekkverk, veglys, utbetring av kurvar og kryss.

Regjeringa satsar i 2008 også på utbygging av fleire nye gang- og sykkelvegar som vil vere viktig for trafikktryggeleiken. I tillegg til desse særskilte tiltaka aukar ein trafikktryggleiken ved rassikring og anna utbetring av vegar.

Betre tilsyn
I 2008 vil det også bli innført krav om kompetansebevis, utover førarkort til alle bussførarar i yrkestransport. Frå 2008 vil Statens vegvesen dessutan ha regionale tilsynseiningar som skal føre tilsyn med mellom anna bilverkstadar, bilforhandlarar, trafikkskolar og kursarrangørar.

Tilskott til trafikktryggleik
I tilskot til trafikktryggleiksføremål er det sett av 21 millionar kroner, ein auke på 1,8 millionar kroner frå 2007. Til Trygg Trafikk er det avsett 19,5 millionar kroner. Til Syklistenes Landsforening er det avsett 500 000 kroner.