Bjørvig bekymra for forfallet

- Eg er nøgd med at regjeringa legg opp til å halde dei totale løyvingane på nivå med Nasjonal transportplan i forslaget til statsbudsjett. Likevel er eg svært bekymra for forfallet på vegane, seier vegdirektør Kjell Bjørvig.

Regjeringa foreslår å løyve 5,1 milliardar kroner til drift og vedlikehald i 2008: 3,3 milliardar kroner til drift og 1,8 milliardar kroner til vedlikehald i forslaget til statsbudsjett for 2008.

Forfallet på vegane i Noreg er rekna til 16 milliardar kroner ved inngangen til 2008.

- Om budsjettet for 2008 vert vedteke, manglar Statens vegvesen 900 millionar kroner for å halde dagens standard på vegane til neste år. Den store auken i tungbiltrafikken forsterkar behovet for auka satsing på drift og vedlikehald ytterligare, seier vegdirektøren.

Regjeringa sitt forslag til samferdslebudsjett for 2008 er på om lag 15,4 milliardar kroner. Det er ein auke på 3,9 prosent frå saldert budsjett for 2007, som tilsvarar den forventa prisstigninga neste år.

Den siste tida har utviklinga i anleggsmarknaden ført til at tilbod ligg langt over Statens vegvesen sine kostnadsoverslag ved fleire høve.

- Fortsett denne trenden, kan konsekvensen vere at starten på nye prosjekt vert utsett, seier Bjørvig.

Nye anlegg
Regjeringa foreslår å løyve om lag 6 milliardar kroner til veginvesteringar. Sjølv om dei totale løyva for 2008 ligg på nivå med Nasjonalt transportplan, vil Statens vegvesen trenge om lag ein milliard kroner meir i budsjettet for 2009 for å få økonomisk oppfølging for heile transportplanperioden.

Om budsjettet vert vedteke, er det lagt opp til anleggsstart på sju større prosjekt med kostnadsoverslag på over 100 millionar kroner:

• Rv. 7 Ramsrud - Kjeldsbergsvingene i Buskerud
• E39 Stangeland - Sandved i Rogaland
• E39 Kvivsvegen i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal (dersom det vert tilslutning til delvis finansiering med bompengar)
• Rv. 80 Røvika - Strømsnes i Nordland
• Rv. 47 T-forbindelsen i Rogaland (dersom det vert tilslutning til delvis finansiering med bompengar)
• Rv. 567 Hauge-Lonevåg i Hordaland (dersom det vert tilslutning til delvis finansiering med bompengar)
• Rv. 168 Bogstadveien i Oslo (om reguleringsplanen vert godkjend og det vert semje med Oslo kommune om kostnadsfordelinga)

Trafikksikring
I forslaget til budsjett har trafikktryggleiken høg prioritet. Det er føresett at det skal nyttast 520 millionar kroner til særskilde trafikksikringstiltak over investeringsbudsjettet. Tiltak mot møteulykker, utforkøyringsulykker og ulykker med mjuke trafikantar skal prioriterast.

Rassikring
Det er foreslått å nytte til saman 520 millionar kroner til tiltak med rassikringsgevinst i 2008. Følgjande større prosjekt med rassikringsgevinst vert foreslått prioritet i 2008:
• E39 Gammelseter - Nipetjørn, Hordaland
• Rv. 13 Ulvundsøyene, Hordaland
• Rv. 5 Kjøsnesfjorden, Sogn og Fjordane
• Rv. 55 Gullringen, Sogn og Fjordane
• Rv. 617 Gotteberg - Kapellneset, Sogn og Fjordane
• Rv. 62 Fresvika - Jordalsgrenda, Møre og Romsdal
• E10 Fjøsdalen, Nordland
• Fv. 347 Arnøya, Troms