Tre byggefirma går i samarbeid

Tre byggefirma i Florø går frå nyttår i tettare samarbeid om lagerhald og fabrikasjon av husmodular. Men dei held fram med å konkurrere like friskt om byggeoppdraga. skriv Firdaposten.

Reint praktisk skjer samarbeidet på den måten Vestlandshus AS i Florø flytter lageret sitt inn i Florø Byggmarked på Evja og blir medeigar i firmaet frå 1. januar. Florø Treelement AS flytter på si side prefabrikasjonen av hus frå Botnaneset til Vestlandshus sin lagerhall i Stranda. Vi ser dette som ei rasjonalisering av produksjonen, noko som kjem alle partar til gode, også kunden i form av raskare og betre service og oppfølging av bygginga, seier Arild Liseth hos Vestlandshus, og får støtte hos Atle Hanebrekke og Kjell Sigdestad. Dette er eit samarbeid som har mogna fram over tid. Alle ser nytten at eit praktisk samarbeid som kan gjere produksjonen meir rasjonell, betre og billegare. Det er ikkje særleg rasjonelt at tre firma sit med kvar sin mann til å supplere snikkarane med ein pakke spiker, for å sette det på spissen. Vi er så like i strukturen at vi kan spare mykje på lagerdelen. Det gjeld både innkjøp og utkøyring til byggeplassane, og ikkje minst at vi kan sitte med eit betre og meir komplett lager, seier dei tre.