Klarere utbyggingsavtaler

- Bruken av utbyggingsavtaler må klargjøres bedre, sier kommunalminister Erna Solberg når Kommunal- og regionaldepartementet nå sender ut et rundskriv om de juridiske rammene for slike avtaler.

Her er hele pressemeldingen:

(NB: lenke til rundskrivet ligger nederst i artikkelen!)


- Det er viktig å gjere slike avtaler under opne og fastsette forhold. Føretsetnaden for utbygging må vere så klar som råd frå kommunen si side, og bør kome til uttrykk gjennom arealplanar, økonomiplanar, utbyggingsprogram eller liknande, understrekar Solberg. Dei siste åra har bruken av utbyggingsavtaler skift karakter i mange kommunar med stor tilflytting og dermed stort utbyggingspress. Nokre kommunar har begynt å krevje bidrag (utbyggingsavgifter) frå utbyggjarane til å dekkje mellom anna skolar, barnehagar og sjukeheimar. - Eg er redd at dette kan presse byggjekostnadene og bustadprisane enda meir i vêret, og at huskjøparane må ta rekninga for noko som skal betalast over skattesetelen. Det vil i så fall vere dobbel skattlegging. På den andre side er det viktig å ta omsyn til at mange kommunar er i ein pressa økonomisk situasjon, seier kommunalministeren. Juridisk sett er det eit problem at dagens regelverk ikkje er skrive med tanke på dagens utvikling. Det rår derfor stor uvisse om slike utbyggingsavgifter er lovlege. Rundskrivet som går ut i dag oppklarar ein del plan- og bygningsjuridiske spørsmål knytte til dagens regelverk. I samband med den varsla storbymeldinga til våren vil Regjeringa kome med fleire politiske presiseringar om bruken av utbyggingsavtaler.