Til kommuneforvaltninga totalt vart det betalt inn 59,1 milliardar. Dette er ein auke på 4,3 prosent i forhold til same periode i fjor. Av dette beløpet vart det betalt inn 49,1 milliardar kroner til primærkommunane, ein auke på 4,5 prosent, medan fylka fekk ein skatteauke på 3,4 prosent, til 10,1 milliardar. Folketrygda hadde ei samla skatteinnbetaling på 87,9 milliardar, 7,1 prosent meir enn i same periode i fjor.
Skatteinntektene frå petroleumssektoren utgjorde 95,3 milliardar. Desse vart i hovudsak innbetalte i april.