84 tryggingstiltak mot skadar frå flaum og skred

Årsrapporten for utførte sikrings- og miljøtiltak i vassdrag viser at 84 tiltak var utførte eller under gjennomføring i 2006 med hjelp frå NVE.

Tiltaka sikrar mellom anna bustader, vegar og annan infrastruktur frå skadar som følgje av flaum, erosjon og skred langs vassdrag. Særmerkt for året var alle hastetiltaka.

Rapporter
Dei to største sikringstiltaka mot flaum i 2006 var forsterking av flaumvollane langs Daleelva i Høyanger og bygging av flaumvoll langs Trysilelva for å sikre Innbygda i Trysil mot flaumskadar.

Spesielt for 2006 var dei mange hastetiltaka under og etter nedbørsflaumane på Vestlandet hausten 2005 og i Trøndelag vinteren 2006. Sikring av bustader langs Fiskåna i Strand kommune i Rogaland var det største av desse.

Sikrar mot kvikkleireskred
Også i 2006 vart det utført ei rekke sikringstiltak for å auke tryggleiken i område som kan vere utsett for kvikkleireskred. I Drammenselva har NVE til dømes lagt ein steinfylling for å minske faren for kvikkleireskred i Bragernes i Drammen sentrum. I Skaun kommune i Sør-Trøndelag vert det utført omfattande sikringsarbeid langs elvene Vigda, Børsa og Viggja for å hindre leirskred som kan råka busetnader og vegar.

Vektlegg natur og miljø
Av tiltaka som er med i årsrapporten er det fleire større prosjekt som vert utført over fleire år. Tiltak med høg nytte for samfunnet vert prioritert, og det vert lagt stor vekt på natur og miljø i planlegginga og utføringa av tiltaka. Nokre av tiltaka er og reine miljøforbetringar der vassdragsmiljøet er svekka etter tidligare inngrep.

Det er NVE sine fem regionkontor som står for både planlegging og utføring av tiltaka.

Om tiltaka
Det er i hovudsak fire ulike typar tiltak som blir utførte; erosjonssikringar, flaumsikring, sikring mot skred og miljøtiltak. NVE legg og stor vekt på å førebyggje skadar frå flaum og skred ved riktig arealbruk, og på den måten redusere behovet for sikringstiltak. NVE arbeider aktivt med dette gjennom "Flaumsonekartprosjektet" og "Program for auka tryggleik mot leirskred" , og ved å informere og rettleie kommunane om arealbruk i område som kan vere utsett for fare.