Industriproduksjonen går tilbake

Norsk industri produserte mindre i oktober enn i september. Sesongjusterte tall viser nedgang på 0,6 prosent i norsk industriproduksjon i denne perioden.

Nedgangen heng saman med at produksjonen av innsatsvarer og konsumvarer har gått tilbake, melder SSB. Det har vore ein nedgang på 1,4 prosent i produksjonen av innsatsvarer frå september til oktober i år, viser sesongkorrigerte tal. Dette heng saman med ein nedgang innanfor gummivare- og plastindustrien, mineralproduktindustrien og metallindustrien. Metallindustriproduksjonen har samla sett gått ned med 1,7 prosent. Produksjonen av innsatsvarer frå januar til oktober i år er 1,0 prosent lågare enn i same periode i fjor, viser vekekorrigerte tal. Næringsmiddelindustrien slit Konsumvareproduksjonen gikk ned med 0,9 prosent frå september til oktober i år, viser sesongjusterte tal. Dette heng saman med nedgangen innanfor næringsmiddelindustrien, som har hatt eit fall i produksjonen på 1,3 prosent. Samla produksjon av konsumvarer er 0,9 prosent lågare i perioden januar-oktober i år enn i same periode i fjor, viser vekekorrigerte tal. Fleire investeringsvarer Produksjonen av investeringsvarer har auka litt frå september til oktober. Det er aktiviteten innanfor oljeplattformer og transportmiddelindustrien som held produksjonen av investeringsvarer oppe. Frå januar til oktober i år har produksjonen auka med 1,8 prosent samanlikna med same periode i fjor, viser vekekorrigerte tal. Energivareproduksjonen aukar Produksjonen av energivarer auka med 9,1 prosent frå september til oktober i år. Vekekorrigerte tal viser at produksjonen av energivarer auka med 1,7 prosent frå januar til oktober samanlikna med same periode i fjor.