Løyve til å bygge Stokkelandsåna kraftverk i Kvinesdal

NVE har gjeve Småkraft AS løyve til å bygge Stokkelandsåna kraftverk i Kvinesdal kommune i Vest-Agder. Kraftverket vil få ein årleg produksjon på om lag 7,5 GWh, noko som tilsvarar straumbruken til rundt 375 husstandar.



 

Utbygginga vil redusere vassføringa i Stokkelandsåna på utbyggingsstrekninga. Av omsyn til biologien i og langs vassdraget er det sett krav om ei minstevassføring på 150 liter i sekundet om sommaren og 70 liter i sekundet resten av året.

Med desse vilkåra meiner NVE at allmenne interesser er sikra, samstundes som ei utbygging vil gje ein viss auke i kraftproduksjonen.