Bygger større kraftverk i verna vassdrag

Klarsignal er no gitt for dei to hittil største utbyggingane i det verna Gaularvassdraget. Sogn og Fjordane Energiverk (SFE) vil inn på eigarsida i det eine, skriver Bergens Tidende.

I 1993 vart Gaularvassdraget verna mot storstila kraftutbygging, men vedtaket nemner ikkje eit ord om bygging av småkraftverk. Dermed har kommunen og NVE kunne gje løyve til ei rekke utbyggingar, samstundes som den har motteke millionkompensasjon for at vassdraget vart verna. Hittil har rundt 20 prosjekt fått grønt lys. Fritak for større kraftverk Olje- og Energidepartementet har no gitt løyve til dei hittil største utbyggingane i det verna vassdraget. Det skjer etter at NVE har fått mandat til å gje konsesjonsfritak for kraftverk på opptil 5 GWh, mot tidlegare 1 GWh. Det er Vallestadfossen og Grøneng i Gaularvassdraget som har fått grønt lys for utbyggingar i storleiken rundt 5 GWh. I Vallestadfossen sit SFE med fallrettane, og den profesjonelle aktøren forhandlar no med grunneigaren om blant anna eigarskapen i prosjektet. Nådde ikkje fram Utbyggingsløyva er gitt på tvers av tilrådinga frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, og Norges Naturvernforbund nådde heller ikkje fram i departementet med si klage. Om Grøneng-prosjektet meinte Fylkesmannen at korkje denne utbygginga isolert eller summen av dei mange minikraftverka i området kan aksepterast i eit verna vassdrag. Men både Miljøverndepartementet og Olje- og Energidepartementet meinte noko anna.