Breibandskartet snart utan kvite flekker

Det var 1 336 000 breibandsabonnement ved utgangen av 1. kvartal 2007. Det var 267 000 fleire enn i same periode i 2006. Ni av ti har hastigheit over 1 Mbit/s. Berre to kommunar har under 20 prosent private breibandsabonnement i høve til hushalda, skriv SSB.

 

Heile 1 202 000 av breidbandsabonnementa var private abonnement. I bedriftsmarknaden var det 134 000 abonnement. I privatmarknaden var auken på 25 prosent frå 1. kvartal 2006, medan auken i bedriftsmarknaden var på 27 prosent frå førre året.

Flest breibandsabonnement i høve til hushald i Vest-Agder
Dei geografiske skilnadene er stabile idet auken i abonnement deler seg på alle fylka. Vest-Agder er stadig fylket med flest breibandsabonnement i høve til hushalda, no med 70 prosent. Finnmark er i andre enden av fordelinga med 49 prosent. Det er ein auke på 5,7 prosentpoeng i Vest-Agder og 3,6 prosentpoeng i Finnmark.

Delen av breibandsabonnementa som har ein hastigheit over 1 Mbit/s har gått noko ned siste kvartalet til 87 prosent. For høgare hastigheiter, over 2 Mbit/s, er framleis dei geografiske skilnadene store. Her ligg Rogaland best til med 68 prosent av husstandane med breiband som har ein slik hastigheit. I Sør-Trøndelag har om lag 41 prosent av abonnentane dette.

Sentrale kommunar har høgast del breibandsabonnement i høve til hushald
Deler ein inn kommunane etter SSB sin Standard for kommuneklassifisering, ser ein at dei sentrale kommunane har høgast del breibandsabonnement i høve til hushalda med 64 prosent. Til samanlikning er det 48 prosent i dei minst sentrale kommunane som har breiband.

Berre Lierne i Nord-Trøndelag og Kvænangen i Troms har no færre enn 20 private breibandsabonnement per 100 hushald. For eit år sidan var 30 kommunar i same stilling. No har 32 kommunar mellom 20 og 35 slike abonnement per 100 hushald, mot 163 kommunar i 1. kvartal 2006.

Det er 14 kommunar kor det er meir enn 70 prosent breibandsabonnement i høve til hushalda. Fire av desse ligg i Rogaland. Dei andre kommunane finn vi i Hordaland, Vest-Agder, Akershus, Møre og Romsdal, Aust-Agder, Nordland og Oppland.

Det manglar framleis nokre små, men lokalt viktige leverandørar av breiband i undersøkinga. Det gjeld særleg kabel-TV-selskap som også leverer Internett med breiband. Måten dei driftar anlegga sine på gjer det noko komplisert å få dei med i undersøkinga. Arbeidet med å gjere statistikken fullt ut dekkjande held fram. Nokre små feil i delinga av abonnentane mellom kommunar er oppdaga. Dette kan gjere store utslag på delen av abonnement i høve til hushalda i einskilde kommunar.