Venter høyere investeringer

Summen av forventede investeringer innen industri, bergverk og kraftforsyning i 2003 er noe lavere enn for årets tall, gitt i samme periode i fjor. Samlede investeringer for inneværende år ser ut til å bli litt i underkant av hva overslagene i forrige kvartal la til grunn, melder SSB.

Samla investeringar innanfor industri, bergverksdrift og kraftforsyning i 2002 ligg an til å bli om lag 21,1 milliardar kroner målt i løpande prisar. Dette er ein liten nedgang i frå undersøkinga i august, men merkbart over nivået for tilsvarande periode i 2001. Nokre store prosjekt innanfor industri og kraftforsyning medverkar i sterk grad til det høge resultatet. Overslaga for 2003 har auka med 13 prosent frå augustundersøkinga, men er likevel under tilsvarande tal for 2002. Det samla beløpet er no om lag 18,6 milliardar kroner, som er eit relativt høgt tal historisk sett. Industri og bergverksdrift: Høgaste investeringsnivå på fleire år Samla investeringar innanfor industrien i 2002 ser ut til å bli om lag 15,7 milliardar kroner. Dette er det høgaste nivået som er registrert sidan perioden 1996-1998 og 7 prosent meir enn for tilsvarande tal i 2001. Næringane produksjon av ikkje-jernhaldige metall samt oljeraffinering og kjemisk industri medverkar i sterk grad til denne utviklinga. Avslutning av eit stort prosjekt innanfor nærings- og nytingsmiddelindustrien er hovudårsak til den store nedgangen i venta investeringar for denne næringa. Overslaga for 2003 har auka med 11 prosent frå augustundersøkinga og er no på om lag 13,1 milliardar kroner. Dette er merkbart lågare enn tilsvarande tal for 2002, men eit ganske ordinært nivå historisk sett. Fullføring av enkelte store prosjekt innanfor næringsmiddelindustri, produksjon av ikkje-jernhaldige metall samt oljeraffinering og kjemisk industri medverkar i sterk grad til å trekkje ned nivået. Næringane treforedling samt elektroteknisk og optisk industri ventar moderat auke i samla investeringar. Venta investeringar innanfor bergverksdrift i 2002 er heile 63 prosent lågare enn på same tid i fjor. Dette må sjåast i samanheng med eit stort prosjekt som no er fullført. Overslaga for 2003 er merkbart høgare enn tilsvarande tal for inneverande år. Kraftforsyning: Om lag uendra overslag for 2002 Pårekna investeringar innanfor kraftforsyning i 2002 er om lag 5,2 milliardar kroner, som er det høgaste resultatet sidan byrjinga på 1990-talet. Det relativt høge talet kjem som ei følgje av fleire større prosjekt innanfor næringa. Overslaga for 2003 har auka med 20 prosent frå undersøkinga i august, men er likevel 9 prosent lågare enn tilsvarande tal i 2002.