NVE tilrår løyve for Eiriksdal kraftverk i Høyanger

NVE rår Olje- og energidepartementet til å gje Statkraft Energi AS løyve til å bygge Eiriksdal kraftverk i Høyanger i Sogn og Fjordane.

Kraftverket vil nytte eksisterande reguleringsmagasin og gje om lag 92 GWh ny kraft. Det svarer til den årlege straumbruken til 4600 husstandar.

NVE meiner at eit Eiriksdal kraftverk vil ha fleire positive verknader for natur og miljø og at dei negative verknadane vert relativt små. Eiriksdal kraftverk vil verte ein del av dei eksisterande Høyanger-anlegga og nytte Stølsvatnet som inntaksmagasin. Kraftverket vil få utlaup i Dalselva, noko som inneber betre tilhøve for laks- og sjøaurebestandane her.

Luftspennet i Dalsdalen vil verte fjerna og krafta ført i jordkabel til Høyanger. NVE meiner at tiltaket er i tråd med målet om å auke produksjonen av fornybar energi basert på vassdrag som allereie er utbygde.

NVE vil ikkje tilrå overføring av Isvotni, sidan fallet mot Lånefjorden kan nyttast til utbygging av småkraftverk, noko som vil kunne gje meir kraft.

Olje- og energidepartementet vil stå for den vidare sakshandsaminga

Mer info finner du her!