Utbedring av E39

- Utbedringen av E39 på strekningen Renndalen Staurset bru vil føre til tryggere trafikk og mer effektiv transport på en viktig del av Kyststamvegen. Trafikantene vil få en bredere og tryggere veg.

Dette seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete i samband med at det no er lagt fram ei orientering om forskottering, finansiering og gjennomføring av det 14 kilometer lange utbyggingsprosjektet frå Renndalen i Halsa i Møre og Romsdal til Staurset bru i Hemne i Sør-Trøndelag. Orienteringa er tatt inn i ein stortingsproposisjon som vart lagt fram i statsråd i dag. Utbetringa er rekna å koste i alt 274 millionar og vil bli finansiert ved løyvingar over statsbudsjettet. For å framskunde anleggsarbeidet vil fylkeskommunane Møre og Romsdal og Sør-Trøndelag forskottere delar av dei statlege løyvingane, mot tilbakebetaling frå staten i 2009 og 2010. I tråd med vedtak i dei to fylkeskommunane og med tilslutnad frå Samferdselsdepartementet skal Møre og Romsdal forskottere 60 millionar kroner, medan Sør-Trøndelag skal forskottere 40 millionar kroner. Anleggsarbeidet kan ta til i haust, og den nye vegen skal opnast for trafikk i 2010.