Kartlegger skredfare

Regjeringa foreslår å løyve 5 millionar kroner ekstra til oversiktskartlegging av skredfarlege område i Noreg.

Pengane vert løyvd over budsjettet til Noregs geologiske undersøking (NGU). Målet er å identifisere fareområde i ein tidleg fase, slik at nødvendige tiltak kan setjast i verk. Staten skal bidra til å identifisere fareområde i ein tidleg fase, slik at me kan unngå ulykker, seier nærings- og handelsminister Dag Terje Andersen. NGU brukar kvart år om lag 9 millionar kroner på oversiktskartlegging av område der det kan vere fare for skred. Det vert no sett av 5 millionar kroner ekstra til slik kartlegging. Arbeidet kan også involvere andre statlege verksemder. Løyvingane til NGU vert med dette auka frå 115 til 120 millionar kroner. NGU er ein etat under Nærings- og handelsdepartementet. Arbeidet med å førebyggje skredulykker kan delast inn i fire fasar: oversiktskartlegging, detaljerte undersøkingar, risikovurderingar og sikringstiltak. NGU sitt ansvar og arbeidsoppgåver er knytte til oversiktskartlegging. Når eit rasfarleg område er identifisert, har den enkelte kommune ansvaret for å følgje opp arbeidet med detaljerte undersøkingar, risikovurderingar og eventuelle sikringstiltak.